Laster Arrangementer

Familiedagskonsert med Naboen min

Familiedagskonsert med Naboen min

Som en del av Familiedagen på USF Verftet kommer de to gode naboene Vegard og Bjørnar og spiller konsert.

Naboen min er eit band samansett av forfattar og låtskrivar Vegard Markhus, og produsent og gitarist Bjørnar Sangolt. Naboen min har som mål å få ungar til å synge, danse, smile og le.

I tekstane finn ein både humor og alvor. Ein får høyre om dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folksom treng trøyst. Og om ein vil lære seg nokre gloser på romvesensk, er ein komen riktig stad. Bandet har gjeve ut platene «Rockesock» og «Alt blir feil». For plata «Rockesock»mottok bandet Spellemannsprisen i kategorien barnemusikk.

Dei har òg laga musikken til serien Mine ville venner på NRK Super, samt ein EP med julemusikk. Live har Naboen Min som oftast med seg Einar Olsson (trommer) og Eirik Utne (bass). Dei er kjend frå band som til dømes Casiokids, Alibiet, Kiss Kiss King Kong, Good Time Charlie og Silja Sol.

Enkeltbillett kr 145.
Familiebillett 4 personer: kr. 425
Barn under 2 år gratis.

VELKOMMEN TIL KONSERT 🙂