Fredagsbobler: Sjølvaste Per-Arvid The Kombutcha himself
Det er tid for fredagsboblar i Kippers igjen
Vi hentar fram boblande godbitar frå kjølen – noko nytt, noko kjend og noko overraskande.
Denne fredagen kjem The Kombucha i eigen person: Per Arvid Høyum!
Han er eigar, bryggar, pakkar, seljar og alt imellom for The Kombucha.
Per Arvid bryggar med lidenskap og fokus på kvalitet – og det kan merkast i kvar einaste slurk!
Vi skjenker i glasa frå kl 16 og stoppar ikkje før tre timer etterpå.
Det blir sjølvklart diverse anna boblegodt å smake på i tillegg til kombutcha. Og ein kan ta ein matbit. Og om vermeldinga slår til blir det sjans for sol både i glas og i fjes.
Vel møtt i kafé Kippers på USF Verftet!